Hele Norge rydder

Den 3. mai går NRK i bresjen for den store ryddedugnaden «Hele Norge rydder». Dette vil Hå kommune vera med på, og oppfordrar skular, barnehagar, idrettlag, bedrifter og andre organisasjonar til å bli med på å plukka søppel.

Kommunen stiller med søppelsekkar og transport av innsamla søppel. Me treng derfor ei oversikt over alle som blir med.

Meld dykk på via skjemaet her

PS! Dei som melder seg på blir dessutan inviterte på pølsefest seinare i år!